13. Lovbrot og straff
Arbeidsprogram - Kapittel 13

13.1 For personvern - mot overvaking
13.2 Kriminalpolitiske utfordringar
       13.2.1 Ei straff som verkar
       13.2.2 Vald mot kvinner og barn


13.1 For personvern - mot overvaking

Personvern betyr retten til kontroll med opplysningar som gjeld ein sjølv. Di meir sensitive opplysningane er, di viktigare er det for den enkelte å ha kontroll med kven som har tilgang til opplysningane, og med at opplysningane er korrekte. Helseopplysningar er av dei mest sensitive opplysningane. På dette området kan vi få ei stadig aukande bruk av genetiske testar.

Omsyn til personvernet kan best takast vare på ved at den enkelte registerførar får plikt til å varsle den som blir registrert i eit nytt register for første gong. Det vil gi alle høve til å kontrollere opplysningane, og eventuelt krevje at dei blir retta eller sletta.

Bruk av datateknologi gjer det lett å samle inn, lagre, ajourføre og kople saman enorme mengder informasjon. Ved å bruke av datateknologi lèt vi etter oss elektroniske spor som kan brukast til å kartleggje kor vi har vore, kva tid vi har vore der og kva vi har gjort.

Videoovervaking av offentlege stader blir meir og meir brukt, og brukarane orsakar seg med at då vil ein få betre sjanse til å avsløre alvorleg kriminalitet. Synlege, opne kontrollar må brukast i staden for upersonlege, usynlege kontrollmetodar. Det er betre med meir politi i byane enn kamera.

Reglane for lagring av data frå videoovervaking må strammast inn. Faren for misbruk av opptak aukar di lengre opptaka blir lagra. SV vil gå inn for sterkare regulering av videoovervaking på arbeidsplassen.

SV vil perioden:

13.2 Kriminalpolitiske utfordringar

Mange opplever at livet kjennest ut til å vere lite trygt. Ikkje minst er dette eit resultat av at vald i gatene har fått så stor plass i media. Denne kjensla skal ein ta på alvor, og synleg politi er eit viktig verkemiddel i så måte. På den andre sida er det viktig å hugse på at størsteparten av valdelege brotsverk skjer i heimane, og her er det først og fremst kvinner og barn som er mest utsette. Denne valden må fram i lyset, og det må setjast i verk omfattande tiltak både når det gjeld offer og overgripar/den som utøver valden. Krisesentra gjer ein makelaus jobb og må sikrast vidare drift. Samtidig trengst det ein lovheimel som gir høve til å fjerne overgriparen frå heimen slik at kvinner og barn kan bli buande der. Betre kompetanse og koordinering mellom instansar som kjem i kontakt med valdstrua kvinner og barn, må prioriterast; og politiet og rettsapparatet må setjast i stand til å handtere valds- og overgrepssaker på ein tilfredsstillande måte. Eit tradisjonelt kvinnesyn og redsle for å gripe inn i "privatsfæren" hindrar i dag mange kvinner og barn i å leve eit fritt liv. FN reknar vald mot kvinner som eit av de aller største hinder for utvikling i verda.

I Noreg har det vore ein auke i den registrerte kriminaliteten. Brotsverk som gjeld økonomisk vinning står for den største delen, men skadeverk og valdskriminalitet har også ein ganske stor del av dei melde lovbrota. Valdskriminaliteten har blitt grovare dei siste åra. Om lag 80 prosent av all valdskriminalitet skjer når gjerningsmannen er påverka av alkohol eller narkotika.

Unnaluring når det gjeld skatten og krenking av lova i mange konkursar gjer at respekten for lov og rett blir mindre. Ein reknar i dag med ein svart økonomi i Noreg på mellom 40 og 60 milliardar kroner.

Miljøkriminalitet med ulovlege giftutslepp set liv og helse i fare for menneska, i tillegg til øydeleggingane på miljøet.

Ny teknologi gjer det enklare å spreie ulovleg informasjon og biletmateriale, slik som barneporno. Produksjon av barneporno og seksuelt misbruk av barn med økonomisk vinning som føremål, går også føre seg i Noreg. Internett er tatt i bruk for distribusjon av porno over landegrensene. Arbeidet for å avdekke dette må bli meir intensivt.

SV vil i perioden:
13.2.1 Ei straff som verkar
Straffereaksjonane mot den enkelte lovbrytaren må vere slik at dei skal hindre nye lovbrot. Dette vil seie ei rask oppklaring av lovbrota og ein rask straffereaksjon. Spørsmålet om kor lenge lovbrytaren eventuelt skal misse fridommen, soningsforhold og oppfølging under og etter soninga må vurderast ut frå kva som best hindrar at nye lovbrot skal skje.

Alternative straffereaksjonar til å misse fridommen må brukast meir enn i dag. Noreg har bygt ut fleire alternativ til fengsel, slik som samfunnsteneste og tilsynsprogram for rusmisbrukarar og for folk som er dømde for lovbrot på det seksuelle området, og enkelte andre grupper. Brot på reglar/vilkår for slike straffemåtar må føre til raske reaksjonar, eventuelt til fengselsstraff. Kombinasjon av fengselssoning og andre straffereaksjonar/tilsynsprogram må også utviklast vidare.

Fengselsstraff fører oftast til at folk blir mindre i stand til å meistre livet sitt. Derfor er det viktig at overgangen frå fengsel til fridom kan skje litt etter litt. Dei fleste som har sete i fengsel, gjer kriminelle handlingar på ny. Skal vi greie å redusere tilbakefalla, må langtidssonarar som ein hovudregel gå frå fengsel til tilsyn etter halv tids soning, slik at dei kan bruke den siste delen av soninga til “normalisering”. Brot på slike vilkår må føre til ein rask reaksjon og eventuelt til soning av restdommen i fengsel.

SV vil i perioden:

13.2.2 Vald mot kvinner og barn
Vald og seksuelle overgrep - slik som valdtekt og incest - er eit stort problem for kvinner og barn. Både politiet, rettsstellet og helse- og sosialarbeidarar treng fleire kunnskapar på området. Det offentlege må ta ansvar for å auke kompetansen og byggje opp brukande hjelpetiltak. Barnevernet må få betre vilkår for å yte hjelp til utsette barn. Krisesenter og sjølvhjelpsgrupper skal først og fremst vere eit utfyllande tillegg til eit godt offentleg tilbod.

SV vil i perioden:


| Index | KAP 1 | KAP 2 | KAP 4 | KAP 5 | KAP 6 | KAP 7 | KAP 8 |