Forskar Ivar Brevik ved Norsk institutt for by og regionforskning (NIBR) er ein av dei som har lagt ned mykje arbeid i å finna samanhengar mellom fattigdom, sjukdom og dødelegheit. Det starta med rapporten «East is east and west is west» i 1988, som dokumenterte dramatiske helseskilnader mellom aust og vest i Oslo. Han fekk opp diskusjonen om nyfattigdommen først på 1990-talet, både i TV-konfrontasjon med Jagland og med ei lang rekke foredrag i ulike fora. No er Brevik i gang med eit samarbeid med Bydel 4 i Oslo, i eit prosjekt som omfattar både bustadpolitikk, sosiale og økonomiske forhold i bydelen.
Indre Oslo aust som Georgia
Frå 1930-åra til 1990-åra har levealderen auka i alle delar hovudstaden og i landet elles, men på ein slik måte at skilnadene mellom aust og vest i den same perioden har blitt større.
I perioden 1930-39 var skilnaden i levealder for menn mellom indre aust og indre vest 3,2 år, i perioden 1970-80 3,6 år, medan den fram til 1991-95 hadde auka til 4,9 år i gjennomsnitt, og gjennomsnittleg levealder for menn i Noreg var 5,7 år høgare enn i indre Oslo aust. Skilnaden mellom bydelane Sagene og Vindern var i den siste perioden 12 år.
– Levealderen for personar i Oslo
indre aust har blitt samanlikna med Albania, Kroatia og Georgia, seier
Brevik.
Han slår fast at medan det
har skjedd ei betring av økonomien for dei fleste og ei tilsynelatande
utjamning i økonomiske og sosiale vilkår, har skilnadene i
dødelegheit auka innan Oslo.
Den relative overdødelegheita aust i Oslo, er i følgje statistikken særleg stor blant menn i alderen 40-60 år, og dødsårsakene er for ein stor del kreft, hjarte- og karsjukdommar og livsstilsjukdommar.
Skilnaden størst der folk er «likast»
Brevik kan også visa at dette ikkje er særeigent for Oslo. Ein OECD-rapport som omfattar helsetilhøva i 11 land, viser uventa auke i sosialt betinga helseskilnader i land med skandinavisk velferdsmodell og der klasseskilja er lite tydelege i samfunnet. Dei landa som peikar seg ut i så måte, er Sverige, Danmark, Noreg og Nederland. Desse landa har dei største helseskilnadene mellom ulike sosial lag. Sjølv om det allmenne velferdsnivået i mange land er høgt, ser det ut til at risikoen for dårleg helse har auka i lågare sosiale lag dei seinare åra.
Brevik viser til forsking som seier at berre ein tredel av desse utslaga kan forklarast med livsstil.
– Det viktigaste er den samanhengen folk er fattige i. I vårt samfunn blir det tatt for gitt at «alle er like», sjølv om dei rike blir stadig rikare, og skilnadene aukar. Dermed får du ei individualisering av fattigdommen. Dersom det «eigentleg» er likt, blir det din feil når du ikkje har det like bra som andre, og ikkje kan gi ungane dine det «alle andre» ungar får . I til dømes England er det annleis, der er det tydeleg for alle at det er store skilnader, og såleis meir akseptert at dei fattige er fattige.
At det er den relative fattigdommen som slår sterkast ut på helsetilstanden, blir også underbygd av forsking frå USA. Det er ikkje mellom statar med ulik gjennomsnittsinntekt ein finn størst skilnad i levealder. Dei største skilnadne finst innan dei statane der skilnaden mellom rike og fattige er størst. Også data frå Storbritannia viser at dess meir velståande innbyggjarane i eit område er, dess større konsekvensar har det for helsa å vera fattig.
– I vårt samfunn må dei som har lite, slåsst både mot fattigdommen og mot middelklassen si oppfatning av at det ikkje finst ulikskap. Dei psykiske omkostningane med å vera fattig blant rike blir store. Problemet er ikkje dei aller rikaste, dei ser vi ikkje mykje til, men den trendsetjande middelklassen, seier Brevik.
Polarisering
Skilnadene i Oslo dei seinare åra har utvikla seg slik at dei rike har blitt mykje rikare og dei fattige litt fattigare, og det har blitt både fleire rike og fleire fattige – både i aust og i vest. – Dette forsterkar faenskapen, seier Brevik, og understrekar at det blir ikkje lettare å vera fattig når du får rike naboar.
– Kan du seia noko meir om korleis den økonomiske fattigdommen verkar inn på helsa?
– Dei psykologiske faktorane ser ut til å ha mykje å seia. Det kan sjå ut til at forventa låg levealder i seg sjølv er ein risikofaktor, folk kjem inn i ein deterministisk vond sirkel. Folk nedst i hierarkiet er utsette for omfattande sosial stresseffektar.
Utstøyting er helsefarleg
:– Å bli verdsett av fellesskapet
er viktig for alle. Å bli trygda kan knappast opplevast som verdsetting.
Brevik er særleg oppteken
av kva deltaking i lønnsarbeid har å seia for å bli
verdsett. Å bli stengt ute frå lønna arbeid betyr å
stå utanfor vanlege folks kvardag.
–Betyr det at du meiner det er for lett å bli trygda?
– Dei som av helsemessige grunnar
ikkje kan arbeida, skal sjølvsagt ha rett til gode trygdeordningar.
Det eg reagerer mot, er den trygdinga som skuldast at arbeidslivet kjøper
seg fri frå kostnadene ved å setja dei svakaste utafor.
Brevik meiner at både det
offentlege og arbeidsgivarane driv eit dobbeltspel. Dei kritiserer trygdeordningane,
og bruker dei samtidig for å kvitta seg med den minst produktive
arbeidskrafta.
– Kan verknadene av utstøytinga «reparerast» med andre tiltak, til dømes i nærmiljøet?
– Eg har lite tru på «empowerment»-ideologien som fokuserer på nærmiljøtiltak for dei som ikkje får delta i arbeidslivet. Det er tilknytinga til arbeidslivet som er avgjerande. Forminga av uhelsa skjer i spenningen mellom arbeidslivet og utstøytinga. Det er lite av det som skaper ulikskap som skjer i lokalsamfunnet.
Brevik understrekar at dei sterkaste
utslaga av skilnadene mellom folk og utstøytinga av dei svakaste
blir mest tydeleg i storbyane. I mindre lokalsamfunn finst meir av nettverk
som kan vera til hjelp både sosialt og økonomisk.
– Helse er det beste målet
på korleis folk har hatt det gjennom livet, og samanhengen mellom
helse og økonomi blir stadfesta av internasjonale forskarar.
– Samtidig som skilnadene har auka, har det vel også skjedd ei delvis nedbygging av velferdsordningane. Kor lett er det å få tilgang til helsetenester?
– Noko radikalt må gjerast
med helsevesenet. Tenestene har blitt dyre, og det er ofte vanskeleg å
få tilgang til dei, særleg for dei som treng det mest. Ei godt
fungerande fastlegeordning, og obligatorisk innkalling til gratis helsesjekk
to gonger i året for trygdemottakarar kunne vera eit viktig tiltak
.
– Kva med kosthald, har det noko
å seia for helseskilnadene?
– Eg trur det har lite å seia. Det viktigaste er psykisk balanse. Mykje overvekt trur eg har psykiske årsaker. Einsidig fokusering på kosthaldsinformasjon tener like gjerne til å auka skilnadene – dei som treng det minst, lærer mest.
<– Kva for politiske tiltak ville du prioritera for å jamna ut litt av skilnadene?
– Bustadpolitikken, kjem det kontant frå Brevik.
– Kommunen må skaffa bustader folk har råd til å bu i. Den sosiale bustadpolitikken må innførast på nytt. Noreg og Island er dei landa i Europa der flest eig bustadene sine. Det har ført til at kapitalen bestemmer alt. Brevik minner om at Einar Gerhardsen i si tid la stor vekt på at bustaden ikkje skulle vera eit spekulasjonsobjekt, og etterlyser «gammaldags sosialistisk bustadpolitikk» for å bøta på noko av dei verste utslaga av sosial og økonomisk
(Klassekampen 4. juni 1999)